I Gjætlebakken
Register Ordforklaringer
Dømd

Arne Garborg

Haugtussa



I SLAATTEN




No Ljaaen han syng paa den saftige Voll,
og alle Smaablomane slær han i Koll,
og Grase av Roti han sopar.
Det gjeng seg so lett i den dogg-mjuke Eng;
i Skaarane svingar seg Dreng etter Dreng
og slær so or Vegen! det ropar.

Ja svinga, du Slaattar, og Vollane snøyd!
Det angar so godt av det nyslegne Høy,
som Verdi var full utav Blomar.
Det legg seg ein God-daam um Bakke og Bygd;
det er som ei Ørske av Nøgd og av Trygd;
det angar so hjarteleg Sùmar.

Og gjev det vil skifte med Sol og med Vind,
so all den Guds Gaava dei godt kan faa inn!
Det vil eg so inderleg beda.
Ja gjev oss ein Terre so god og so traust!
Daa tarv me kje ræddast den folnande Haust;
og Jol skal me halda med Gleda.




Veslemøy undrast

Gjentunn' breider der Gutann' slær;
so ropar dei til kvarandre og lær.
- Me veit, naar det er so laga -.

Ja lett det gjeng med Lentur og Fjas,
paa Vollen der i det fallne Gras.
- Me veit, naar det er so laga -.

Og skjemte og fjasa, - lat gaa med det;
det gjer eg kanskje ein Gong, eg med.
- Me veit, naar det er so laga -.

Ja tenk um eg raaka den Guten snilde,
som ikkje aat Haugtussa flira vilde!
- Me veit, naar det er so laga -.

Ja skjemta og fjasa, - det skėl ikkje meg;
men tenk at Gjentunn' vil gifte seg!
- Me veit, naar det er so laga -.

Um Guten er ven, naar han litin gjeng,
so vert han ljot, naar han veks til Dreng.
- Me veit, naar det er so laga -.

Og endaa um Drengen seg vise kann,
so vert han eit Troll so snart han er Mann.
- Me veit, naar det er so laga -.

Ja tenk! at dei lokkar deim til aa frie!
Og tenk at dei vil til Kyrkje ride!
- Me veit, naar det er so laga -.

Dei veit dei hev berre vondt i Vente.
Men endaa ingi vil gange Gjente.
- Me veit, naar det er so laga -.

Gjenta hev Moro, Kona hev Slit;
men endaa hev dei so lite Vìt.
- Me veit, naar det er so laga -.

Nei fyrr eg vil byte mitt Gjente-Kaar,
fyrr gjeng eg og gjæter i hundrad Aar.
- Me veit, naar det er so laga ...

Og fyrr eg vil inn i den Suti hard,
fyrr gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard.
- Me veit, naar det er so laga ...

Ja fyrr eg vil dragast med Barn og Mann,
fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand!
- Me veit, naar det er so laga ...

Skjemte og fjasa eit Grand, - lat gaa;
men kysse eit Skjegg! Aa langt derifraa!
- - Det var, - um det var so laga?




I Gjætlebakken
Register Ordforklaringer
Dømd