Vår Gud vere æra


play midi
(Spill musikken i et eget vindu)


Vår Gud vere æra, for han vann oss von!
Så elska Gud verda: Han gav oss sin son.
Ja oss gav han livet, vart soning for synd.
Han Himmelen opna så kvar kan gå inn.

Kor:
Lova Gud! Lova Gud!
Heile verda høyr han!
Lova Gud! Lova Gud!
Alle gleda seg kan!
Å, kom til Gud Fader i Jesus, Guds son,
og gjev han all æra, for han gav oss von!


Å, fullkomen frelse: Kjøpt fri med hans blod,
er kvar den som trur, høyr Guds lovnad så god!
Den uslaste syndar som ærleg han trur,
får tilgjeving når han til Jesus seg snur.


Han storverk har synt oss, han storverk har gjort.
I Sonen, i Jesus, me gleder oss stort.
Men betre og større vert gleda vår når
me undrande reisa til Frelsaren får!




Av Fanny Crosby
Omsett frå engelsk til norsk av Vilhelm Gravdal
Omsetjaren gjev løyve til fritt å bruka denne teksten


Tekst og midi-filer fra The Cyber Hymnal

In