Det skal gry ein morgon


Det skal gry ein morgon etter lange, mørke natt,
ein morgonglans så skinande og klår!
Den angst som tyngjer deg, og alt det mørker du har hatt,
alt kverv når du i morgonljoset står.

For ljos og liv er Jesus Krist,
    han alt ditt mørker kjenner.
Så legg ditt redde hjarta
    i dei trygge frelsarhender!



Det skal gry ein morgon, for hans lovnadsord står fast,
han gløymer aldri ein av sine her.
På vegen lang og tung, og over kvar ei von som brast,
var Jesu kjærleik alltid like nær.

Ein trufast ven er Jesus Krist,
    han sine ser og kjenner.
Og namnet ditt er teikna
    i dei trugne frelsarhender.



Det skal gry ein morgon etter siste natt på jord!
Kvar skugge vik for ljoset frå hans kross!
Då skal vi sjå som røyndom det vi trudde i Guds Ord,
og sæle tanke: Jesus ventar oss!

Då bryt den nye dagen fram
    for dei som Jesus kjenner,
for alle som fann frelse
    ved dei såra frelsarhender!




Johan Sorknes

(til innhold)