Endeleg vår


Nå er det vår med fuglesong i alle lier!
Det går mot ljose, fagre tider!
Og vesle bekken brusar som ein foss!
Det var den kalde snøen
som låg der, grå og sturen.
Så kom han, våren, døypte oss i vårregn
                                og i solskinbad,
og løyste bekken frå vinterluren.
D`er difor bekken er så glad,
nå er han fri!
Slik er den tid
når våren kjem til oss.
Det grønkar over bleike bøen,
og blomar sprett ved stein og ur.
Høyr fyglesong og fossedur!.
Og bjørka står med grøne blad,
dei kom i går!
Nå er det vår!

Og natta er så stutt og ljos,
for sola har kje tid å sove.
Vinteren, han drog sin kos,
og vi kan berre love
at ingen vil han sakne
Nei, tenk at våren kom ein gong,
med blomar, ljos og fuglesong!
Og dagen er så lang og rik.
Mest før du sovnar, er det slik
at det er tid å vakne!

Det brusar i slik ei morgonstund
frå skog og kratt, frå li og lund,
det summar frå fluge og mygg og humlar,
og maur og småkrek, dei kryp og tumlar.
Fuglefar syng for fuglemor,
er med i naturens lovsongskor.
Og fugleungar i tusen reir
dei ropar på mat, på meir og meir!

Småjenter hoppar på berre bein
med strikkar og vrien paradis-stein.
Ja, gutar får også vere i lag
i slik ein tirande solskinsdag.
Høyr gauken gjel, og lerka slår,
og der i fjellet var snø i går!
I hagen vi plantar og ryddar og sår,
for nå er det endeleg, endeleg vår!




Johan Sorknes

(til innhold)