Kven skal vi gå til?


Kven skal vi gå til, om ikkje til deg,
du som er Vegen og Livet,
du som har opna til himmelen veg,
du som har livet oss gjeve.

Berre til deg kan vi gå med vår sorg
du som vil vere vårt vern og vår borg,
berre hjå deg kan vi leve.



Du som er heilag, rettferdig og god,
du som vår Frelsar vil vere,
sona vår synd med ditt heilage blod,
all verdsens synd vil du bere.

Frelsar, på deg får vi leggje vår skam,
du som bar all verdsens synd, du, Guds Lam,
einaste deg vil vi ære.



Du bad oss kome, vi kjem på ditt ord,
heilage Frelsar og Herre!
Du bed oss inn til ditt himmelske bord,
der skal hjå deg vi få vere.

Du er den eine som kjenner vår veg,
hjelp oss i alt då å lita på deg,
det må kvar dag du oss lære.




Johan Sorknes

(til innhold)