Min kjærleik er evig


Sjå, med evig kjærleik har eg elska deg!
Jer 31,2-6.


Du, mitt folk, som eg bar gjennom øydemark
og verna mot naud og sverd:
Sjå, min kjærleik er evig,
og du er i min kjærleik,
du er evig min eignelut.

Difor varer mi miskunn
og min nåde imot deg.
Du vil aldri bli gløymt av din Gud!


Eg vil bere deg på ørnevenger,
ditt vern vil eg vere, din borg.
Eg vil byggje det rivne,
eg vil gje deg mi glede.
Du skal bere eit gledebud!

Du skal plante og byggje
og få bu i din vingard!
Du skal juble av glede for Gud!




Johan Sorknes

(til innhold)