Du ser meg


Du ser meg, Gud,
i mine ljose dagar
når eg har lukka med i alt eg gjer,
når alle ting så vel seg lagar,
og ljos og lukke til meg ler,
når det vert berre glede og solskin på min veg,

då veit du at eg treng din nåde
så dine gåver ikkje skyggje må for deg.



Du ser meg, Gud,
når eg i mørke ragar,
når sorga bryt ned lukka i mitt liv,
når storm og skodde gleda jagar,
og svarte angsten i meg riv,
når eg ser berre inn i ei mørk og vonlaus natt,

då veit du at eg treng din nåde
så mørkret ikkje røvar meg min eine skatt.



Du ser meg, Gud,
du gløymer aldri dine,
i ljos og mørker du den same er.
Di rettferdssol vil alltid skine,
du er oss alltid like nær.
Om andre enn kan gløyme, du gløymer aldri oss,

du veit så vel vi treng din nåde,
så vi i ljos og mørker alltid ser din kross.




Johan Sorknes

(til innhold)