Kallet og krossen


Vi fekk eit kall frå den levande Gud:
Forkynn evangeliet, - stå opp og gå ut!
Klårt må de tale om synd og om nåde,
ordet om krossen, Guds kjærleiks gåte.
Og Meisteren, han som sender dykk ut,
vil sjølv gå med til tida tek slutt.

Så ser vi dei gå
- dei unge og trauste,
dei trugne gamle.
Nokre skal så,
medan andre skal hauste.
Nokre skal plante og vatne og samle.
Ulike er dei i kall og i gåva,
men alle kan gå på det Meisteren lova.

Dei unge og sterke til arbeidet går,
og born - og gamle med gråe hår.
Dei alle av Herren ei oppgåve fekk.
Dei høyrde kallet - dei trudde og gjekk.
Dei plantar og vatnar og sår.

Dei ser at underet stadfestar kallet,
dei mange går stille med truskap og bøn.
Men Gud er så underleg god mot dei alle,
og store og små får den same løn:

den løn å få sjå at ljoset vert tendra
der Ordet får makt,
at livet vert endra
der krossen står vakt,
at mørkret må vike for glede og von
ved ordet om Kristus, Guds son.

Dagar går
og vert til mange,
vert til år,
til tider lange.


Ordet vert sådd mellom klunger og stein,
og spirene veks seg så bleike.
Klungeren veks og gjer grøda mein,
og aksa vert få og veike.

Er alt vårt arbeid til inkje gjort,
trass alt vi drøymde og tenkte stort?


Med eitt ser vi underet: Åkeren gror!
Så stor er makta i Livsens Ord
at steingrunnen sjølv kan bli omskapt til jord!

Og strevet vi såg som ei nyttelaus møde,
vert løna med glede når kornet gjev grøde!


Han gav oss eit bod som kan allting forandre:
Å leve i ljoset og elske kvarandre.
Guds åker må vatnast med kjærleikens tåre
om kornet skal gro.
Om sædet skal spire i fòrene våre,
må kjærleiken lækje der hatet slo.

Han gav oss eit kall: at vi frukt skulle bere.
Men frukt, det er meir enn eit arbeid å gjere.
For frukta, ho veks på den greina som lever.
Difor må Han
først få gje det han krever.
Han gav oss Livet,
han gav oss Ordet,
han gav oss plassen ved nådebordet.
Den greina som der veks seg eitt med sin Herre,
får liv og kraft og kan frukta bere.
Og grøda kan mognast der kjærleiken sådde
om livet er Kristus - og frukt, det vert nåde!

Han gav oss eit bod:
Lyft dykkar augo, ja lyft dei og sjå
dei bognande åkrar i haustsol si glød!
Dei ropar på haustfolk. Vår verd er i nød!
Lyft dykkar augo og sjå!
Ver viljug og gå!
Sjå dei mange som i mørkret seg forvillar,
og søkjer det dei trur tyrsten stillar.
Dei sprokne brunnar seg sjølve lagar.
Ved tørre brunnen for tyrst dei klagar.

Han sette oss som ljos for dei
som mørke vegar vankar.
For alle utan kurs og lei
hans varme hjarta bankar.
Og Livsens vatn, reint og klårt,
vil han dei gje - frå livet vårt.
For Herren dei aldri gløymer.
Så lenge Hans liv i oss strøymer,
han bed oss å ause or Livsens kjelde
for dei som tyrster i mørkheims velde.

Vi har ein Far,
ein heim hjå Gud,
eit Ord som synd og sorg kan bøte.
Han sender oss i verda ut.
I oss dei Han skal møte.

Vi har ein grunn som aldri svik
om jorda skakar, fjella vik.
Vi har ein grunn som stødig står
om heile verda skjelver.
Om alle ting til grunne går,
så himmelen seg kvelver
med von for dei som fekk sjå Han
som mørkheims makter overvann.
Han sigeren har vunne,
og difor ljos har runne.

Det ljoset strålar frå hans kross,
det skin i dagrand klåre.
Det von og framtid ber til oss
at Han vår synd har bore.

Ver helsa, kross, vår eine von, Guds kjærleiks store gåte!
Vi løfter augo mot Guds son, og syndaren finn nåde.
Ver helsa kross, ver helsa Krist, vår synd du ville bere.
Di nagla hand, ho gjer det visst at du vår bror vil vere.

Di nagla hand med djupe sår ho løyser syndebanda.
Kvart villsamt hjarte freden får ved denne frelsarhanda.
Du såra vart og knust for oss. For alt du måtte bere,
ver helsa Krist! Du for din kross skal eige evig ære!




Johan Sorknes

(til innhold)