Påske


Kvi er han så full av klunger og torn
din lidingsveg over jord?
Kvi ber du spotten frå verdens born
du, som har Livsens Ord?

Min Frelsar, eg veit eg var også ein
som valde deg sorg og mein.



Kvi er han så mørk den vegen du går,
der mellom dei gamle tre?
Kvi dryp din sveitte som blod frå sår
der du sig tungt i kne?

Min Frelsar, eg valde så tidt min veg
i mørkret og bort frå deg.



Kvi er ho så tung den krona du ber,
og ikkje av glimestein.
Men kvasse tornar dei stikk og skjer
panna så klår og rein.

Min Frelsar, eg veit denne panna klår
vart blodig for synda vår.



Kvi var ho så tung den børa du bar,
du heilage offerlam?
Forlatt av din Gud, av din eigen Far,
knust av vår synd og skam.

Min Frelsar, eg ser, og mitt hjarta lid:
Den børa du bar, var mi!



Så kjem han ein stille sabbatskveld
med syrgjande kring ei grav.
Så tyngd av sorg byd dei Han farvel,
Han som dei livet gav.

Min Frelsar, å, måtte det bli min veg
at eg kunne døy med deg!



Det strålar eit sigerens morgonskjer:
Det sannast: Di grav er tom!
Du siger vann over mørkheims her,
døden fekk der sin dom.

Min Frelsar, må det fylle alt mitt sinn:
Den siger du vann, er min!




Johan Sorknes

(til innhold)