Han kallar deg


Han bankar på døra, din Frelsar,
og bed deg å vere i lag.

Han bed deg å kome,
han kallar og ventar.

Å, måtte du kome i dag!


Du veit då kva Frelsaren ynskjer
og bed å få gjere for deg!

Dei sterkaste lekkjer som bind,
vil han sprengje

og syne deg farande veg!


Du veit då kor høgt han deg elskar!
Du veit då om børa han bar!

Med krossen og krona
han fullførde verket

så du kan ha Gud som din Far!


Og veit du at Frelsaren lengtar
å få deg i samfunn med seg?

Ja, høyrer du ropet
frå Frelsarens kjærleik?

Han kallar og ventar på deg!



Johan Sorknes

(til innhold)