Jesaja


Heilag, heilag, heilag!
Høyr, serafar hyllar Herren stor,
han som skapte jord og himmel,
måne, sol og stjernevrimmel,
kvar ein skapning på vår jord.
Hyllingsrop for Herren lyder
der Han sit i kongeskrud.
All hans skapnad no seg fryder:
Trefald heilag er vår Gud!


Heilag, heilag, heilag!
For profeten er det dommens ord.
Ureint hjarta, urein munnen,
urein, heilt i hjartegrunnen,
inga von i hjarta gror.
Han ser Herren der han tronar,
dømd han er, han skoda Gud.
Men hans Gud er hans forsonar,
all hans synd blir sletta ut!


Heilag, heilag, heilag!
Sjå, ein engel går på Herrens ord!
Då ei glo frå himlens altar
rører ved hans munn og pjaltar,
står han rein ved Herrens bord.
Så han høyrer Herren kalle:
Kven vil gå til Davids folk?
«Send du meg, om eg skal falle,
vil eg vere Herrens tolk!»




Johan Sorknes

(til innhold)