Eit rom i Guds kjærleik


Du eig eit rom
i Guds kjærleik.
Den femner deg
frå vogge til grav
og vik aldri frå deg.
Den følgjer deg
i ljos og mørker
og er over deg
på alle dine vegar.

Du kan nekte Gud å kome til deg,
bryte hans bod
og gå dine eigne vegar.
Du kan velje Guds dom
i staden for hans nåde.
Gud tvinger deg ikkje.
Men med hans kjærleik
kan du ingenting gjere.
Den er frå æve.

Du eig eit rom
i Guds kjærleik.
Større rikdom
får du aldri.




Johan Sorknes

(til innhold)