Takk


Gud -
det er så mykje
eg ikkje forstår.
Eg forstår ikkje dåpen

og kva du gjev meg i han.
Eg forstår ikkje nattverden heller
og korleis du kan møte meg der.
Og aller minst forstår eg krossen
din kjærleik
og di tilgjeving.


Treng eg ikkje å forstå?
Kan eg berre få kome
- ta imot likevel
- og berre seie takk?

Takk då
Gud!




Johan Sorknes

(til innhold)