Kjærleik


Kjærleik
er som ein varm vårvind
som stryk over frosen jord
og vekkjer dei bleike blomane
til liv.
Dei er som udrøymde draumar
som berre ventar på vårvinden.

Kjærleiken krev berre eitt:
Det beste for deg!
Han kjenner berre ei glede:
Det som er di glede.
Den gåva
det er ei glede for deg å gje,
den vil eg ta imot.
Den gåva det er ei glede for deg å ta imot,
den vil eg gje.

Kjærleiken er varm og mild
som ein vårvind
og sterkare enn dei krefter
som bind den frosne molda.




Johan Sorknes

(til innhold)