I stallen


Du vesle barn, eg kneler i tronge krubberom.
At du, all himlens konge, var så fattig då du kom!

Du opna himlens dører,
vi stengde vår for deg.
Du er vår veg til Livet,
vi gjekk vår eigen veg.



Eg ser det glimar tårer på mjuke barnekinn.
Du græt for verdens liding, den som førde deg her inn.

Du kom frå høge himmel,
du fann ein fattig stall.
Du kom med evig kjærleik,
du møtte svik og fall.



Vi kneler ved di krubbe, i stallen mørk og trong,
og bed at vi, trass mørkret, må få høyre englesong,

ein song om fred på jorda
trass naud og fattigdom,
i menneske Guds hugnad
av di ein Frelsar kom.



Du vesle barn, eg kneler for deg, du Frelsar min!
Ha takk at eg i stallen av din nåde fekk gå inn!

Du bed om våre hjarto,
ditt eige heilt du gav
frå stallens første tåre
til liding, kross og grav.


Johan Sorknes

(til innhold)