Barndomsheimen


Kvar ser du ein himmel så tindrande blå,
og bjørk med slik solglans med doggdropar på!
Kvar syng vel fuglen så vent i lundar
medī sommarnatta mot dagen stundar

som der du for over stokk og stein
og sprang og hoppa på berre bein?



Kvar er vel fjellet så høgt som der,
så klårt eit vatn, så søte bær?
Kvar ligg slik solglans om sommarbøen,
kvar får du leike deg slik i snøen?

Om andre finn han er grå og skrinn,
er heimen deg kjær, for heimen er din!



Der fekk du plukke den fagraste blomen,
han veks ikkje slik nokon annan stad.
Og kvar i verda du enn er komen,
gjer denne heimen deg rik og glad.

Om barndomsheimen sin minneglans
det ligg ein kjærleikens strålekrans!




Johan Sorknes

(til innhold)