Din grunn til glede


Du har då ein grunn til glede,
og ikkje til sorg og sut,
du som eig del i Livet,
du som er barn av Gud!


Du fekk då ein grunn til glede
den gong du fekk Jesus sjå!
Han er din bror, og kjenner
vegen som du skal gå.


Du har då ein grunn til glede!
Det strålar så sæl ei von
over dei lange vegar:
Frelsa i Han, Guds son!


Du har då ein grunn til glede,
du eig då ein fager skatt!
Ljoset frå krossen strålar
midt i di mørke natt!


Du har då ein grunn til glede
frå morgon til seine kveld:
Ordet om Kristi nåde,
Ordet som evig gjeld.


Du har då ein grunn til glede
om sola sig ned i hav.
Ordet om fred og frelse
skin over død og grav!




Johan Sorknes

(til innhold)