Det bankar ein på di dør


Det bankar ein på di dør
frå skjermen si flimrande rute,
eit barn,
eit rop frå verda der ute,
eit skrik frå ei verd som blør.

Men biletet skifter,
og det som vi såg, vert gøymt
bak dei nye og lokkande ting.
Programmet det sviv i ein einaste ring,
og barnet vert gløymt.

Det bankar ein på di dør
med naglemerkt, såra hand.
Og då forstår du, om ikkje før,
at barnet du gløymde,
var Han!




Johan Sorknes

(til innhold)