Dagane dine


Dei fyrste stega
kan du ikkje gå åleine.
Du må ha ei hand
til å hjelpe og stø.

Dei siste stega
kan bli tunge og mødesame.
Kor godt då
å møte ei kjærleg hand
som gjev hjelp og trøyst.

Mellom dei første stega
og dei siste
eig du livet ditt.
Der kan du gje hjelp og trøyst,
bere bører
og dele gleda di med andre.

Kvar dag er eit val.
Du kan fylle han med kjærleik,
- eller du kan leve for deg sjølv.
Kvar dag er ei gåve -
nokre dagar mørke og tunge,
andre fylte med glede.

Men alle har du fått for å bruke dei.
Og om dei alle
vil du ein gong høyre:

«Kva du gjorde mot ein av mine,
det gjorde du mot meg!»



Johan Sorknes

(til innhold)