Vår i Noreg

17.mai 1994


Over landet, gøymt under is og snø,
bivrar ein tone var og klår,
til ytste skjær, over tun og bø,
over Jotunheimen der bamsen søv i si gråsteinsur,
til sovande spire, til minste frø:
«No må du vakne! Snart er det vår,
ja, snart er det vår i Noreg!»

Ein drope dryp frå ein jøkul isblank og blå,
det første teiknet på vår.
Og tonen stig til ein mektig song
om fridom frå iskåpa kald og trong.
Elvane brusar så skumdrivet står,
fonnene rasar med dun og dunder
så alt i vegen vert krasa i sunder.
Det høyrest og synast: NO ER DET VÅR!

Men det som er vårens store under,
det kjem så stilt,
du må lytte og sjå.
Når knoppane brest og ljoset vinn,
det er livet så vart og mildt.
Når alle Guds skapningar, store og små,
si meining og oppgåve finn,
då går det mot vår i Noreg!
                xxxxxxxxxxxxxxxxxxxx
Over landet, kjøvd under is og snø
i hundrad av år,
bivra ein tone, skjelvande kløkt mellom angst og von.
I verda sitt ville uver
var Noreg eit hjelpelaust, fykande fjon.

Men fonna rasa med dun og dunder,
varsla om Noreg sin vår,
og landet sitt fridomsunder.

Det spirte eit lite og vesalt frø,
ein tanke så ny og stor:
At Noreg er vårt, og Noreg er fritt,
sjølv skal vi eige vår odelsjord,
og folket i Noreg skal kalle det landet for sitt!

Så kom dei saman dei hundre menner
og endå eit dusin til.
Vår fridom føddest ein maidag
i verdsbrannen ofseleg vill.
Det fylgde kampar og tunge tider,
med sorg og tårer og tapte slag.
Og mange små, dei som ingen kjenner,
dei tok kan hende dei tyngste tak
i angst og uro i lange netter
då striden stod som mot vonde vetter,
i stille bøn for vår fridomsdag.
Men stilt som spiren veks i Noregs vår,
slik grodde vår fridom frå år til år,
og våren var komen til Noreg!

I dag stig songen frå byar og grender,
frå djupe skogar og verslitne strender.
Vi ærer dei som tok tyngste tak
og vara vårt land frå svik og mein.
Vi ærar dei som la stein til stein
og mura grunn for vår fridomsdag.
Vi takkar dei for bøn og tru,
for landet der vi trygt får bu.
Vi takkar vår trufaste Gud og Far
som landet vårt frelst gjennom uveret bar.
Vi takkar for vår i Noreg!




Johan Sorknes

(til innhold)