17. mai 2002


Såg du sola i dag, kor ho skein
over grønkledde bjørker i maiskrud?
Såg du kvitsymra, skinande kvit og rein,
Og høyrde du fuglens det tirlande kvad?
Du skjønar at fuglen er så glad,
Han vil gje oss ei helsing frå Gud!

Og vi kan vel gle oss som har eit land
som for oss er det fagraste landet på jord,
der storhavet bryt mot ei verslitt strand,
og fjellet vert spegla i djupaste fjord,
eit land med skogar og aude fjell,
med grønkledde lier og djupe gjel,
der isblå jøklar ligg tett innpå bøen,
og blomar vekst tett inntil snøen.

Vi gled oss når vårsola skin her ned,
skinande ljos over sjø og strand.
Vi takkar vår Gud for fridom og fred,
for heim og for fedreland.

Så gled vi oss over dagen vi fekk,
og takkar for maidagar.
Vi takkar for signing i år som gjekk,
for ljoset som skin over landet her nord.
Og ljoset som skin, er Guds levande ord,
som sol over grønkande hagar.




Johan Sorknes

(til innhold)